Vil ha skogeigarane med på lag for å bevare utryddingstrua bier
Elin Fjalestadelin@vtb.no , Vest-Telemark blad, publisert: 20.04.2024 18:00 Lokale birøktarar ynskjer å bevare den utryddingstrua brunbia. Då er det viktig at dei som har vandrebier på sine eigedomar også bidreg. Samarbeider: Peter Rieber-Mohn (f.v.) og Olav Arne Sønderland sit i styret i Treungen birøktarlag, Gunn Elise Lyngtveit Ramlet er leiar av Nissedal skogeigarlag og Odd Arvid Bjørnbakk er leiar av birøktarlaget i nabokommunen Åmli, der dei også har mest brunbier. Foto: Elin Fjalestad – Me vil gjerne behalde den brune bia, seier birøktar Peter Rieber-Mohn i Nissedal. Han fortel om bierasen som i hundretusen av år har levd og utvikla seg i våre område, og meiner det er viktig å ta vare på den lokale populasjonen. Godt tilpassa våre forhold Før var det berre brunbier i Noreg. På 1900-talet vart det importert nye bie-sortar — frå fjellområda på Balkan og Austerrike kom kraniebier og frå England kom det Buckfast-bier. Desse artane vart populære. Nå er det lite igjen av den brune bia. – Den har blitt utryddingstrua, fortel Rieber-Mohn. Utrydningstrua: Treungen birøktarlag arbeider for å